Avdelingsvinnar

Øystese sitt jenter 14 møtte i dag Njardar/Tysnes på heimebane. Premissene var klare på forhånd. Siger i kampen ville sørge for at Øystese vann si avdeling i 2 divisjon. Øystese sine jenter tok tak i kampen umiddelbart og allereie etter fem minutt tok heimelaget leiinga. Ein flott slått corner vart nikka inn av Ingeborg Hovland. Ikkje lenge etter dobler Øystese leiinga. Ein gjennombrotspasning og Sigrid Flotve Bruflat spring frå forsvaret før ho scorer åleine med keeper.  To mål blir til tre då Julie Carlsen Midtrød får to sjanser frå 5 meter. Fyrste skotet redder keeper medan returen vert sett i mål. Etter pause fortsatte Øystese å kjøre kampen. Sigrid vert to målsscorer då eit skot treff ein forsvarer og utmanøvrerer Tysnes sin keeper.  Med 4-0 og tre poeng vert Øystese sitt jenter 14 lag avdelingsvinnar og skal då møte andre avdelingsvinnarar seinare i haust. Tabellen ser du her

https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/tabell/?fiksId=162474

By | 2018-10-27T19:30:25+00:00 27. oktober 2018|0 kommentarer