Øystese møtte i dag Tertnes borte til årets siste kamp i Norsk Tipping ligaen. Øystese starta forrykande og var klart best i starten.  Øystese tek fortjent leiinga på straffe. Jens Aase er sikker frå 11 metersmerket.  Victor Carvalho dobler leiinga då han scorer årets fyrste mål i Øystesedrakt. På stillinga 2-0 har Øystese fleire feite sjanser til å auke leiinga men som tidlegare i sesongen er ikkje utteljinga på Øystese si side. I stadenfor er det Tertnes som snur kampen og scorer 3 mål og vinn 3-2. Sjansestatistikken viser at Tertnes har 4 skot på mål og scorer 3 medan Øystese har 8 skot på mål og scorer 2.  Både Tertnes og Øystese som dei to nyopprykka laga frå Hordaland går ned igjen til 4 divisjon etter eit år i Norsk Tipping ligaen.  Samtidig er det klart at Sotra vinn årets 3 divisjon og rykker opp til 2 divisjon. Øystese Fotballklubb gratulerer Sotra med eit fortjent opprykk