Øystese sitt g14 lag avslutta sesongen i dag med heimekamp mot Djerv. Laga hadde kvar sin omgang. I fyrste omgang var Øystese det førande laget og tok også leiinga ved Heine Skåre. Djerv hadde muligheten til å utlikna då dei fekk tildelt straffe av dagens gode dommer. Men keeper Runar Soldal gjer ei god redning og sørger for at Øystese fortsatt leder 1-0. På tampen av omgangen får Øystese corner. Marius Hellingsrud slår ein god corner og på bakerste stolpe kan Heine Skåre sette inn sin og Øystese sin andre scoring. Fortjent leiing til Øystese ved pause. Etter pause er det Djerv som tek over kampen. Tross eit lite overtak på banen klarer dei ikkje å skape dei store sjansene. Dei får ein fortjent redusering då spissen spring mellom Øystese sine midtstoppere og scorer sikkert i hjørnet. Men Djerv klarer ikkje å skape nokon fleire store sjanser og det vert derfor 3 poeng og heimesiger i årets siste kamp for g14