10 år utan fråfall

For 10 år sidan var det 9 jenter som starta med fotball våren før dei skulle starte i 1 klasse. Dette var forøvrig 100% av jentekullet dette året i Øystese.  Dei to fyrste åra spelte dei mix i lag med dei 15 guttane som begynte med fotball.  Frå 3 klasse danna dei eget jentelag og i åras løp har det komen til nokon ekstra jenter. 2 jenter kom frå Ålvik i 4 klasse og 3 jenter kom frå Norheimsund i 7 klasse. No går dei i 10 klasse og alle jentene som starta våren før dei byrja i 1 klasse har spelt fotball i alle desse åra leiing av dei som har vore trenarar heile vegen. Øivind Kristiansen og Roger Vassnes.  No går jentene i 10 klasse og det vert nok for fyrste gong nokon jenter som fell frå neste år.  Men jentene avslutta med stil i årets siste seriekamp mot Nordhordaland Ballklubb.  På bortebane i Knarvik tok Øystese komandoen frå start og kunne fort leia 1-0 allerede etter eit minutt men åleine med keeper gjekk skotet like utanfor. Det var likevel aldri nokon tvil om at jentene ville vinne siste kampen og etter fleire gode sjanser var det Emma Kristiansen som kunne sette inn 1-0 etter fint spel. Fleire fine pasninger på midten før Andrea Håland slår ein perfekt gjenombrotspasning til Emma som kan springe frå forsvaret til NBK og setter inn 1-0 åleine med keeper. Øystese dobler leiinga etter ein godt slått corner av Ronja Garen.  Ballen dett ned hos Emma som skyt i stanga og inn til 2-0.  3-0 kjem etter nytt flott spel langs kanten. Innlegg på bakerste som Ingvild Lilletveit Kvåle tek ned og set sikkert i mål.  3-0 og tre fortjente poeng til Øystese jentene. Siste kamp med gjengen var avslutta med McDonalds i Åsane.  Øystese Fotball håper flest mogleg av 03 jentene er klar for ny sesong som j17 etter jul

By | 2018-10-28T16:32:26+00:00 28. oktober 2018|0 kommentarer