ØYSTESE CUP 2019

ØYSTESE CUP 2019

Øystese Fotball inviterer til Øystese Cup for aldersbestemte lag.  Cupen vert arrangert for sjuande gong i 2019. I fjor deltok 154 lag og ca 1500 glade fotballspelarar i alderen 7 til 12 år.  Øystese Cup kan garantera at alt du treng er i gangavstand. Kamparenar, overnattingsplass, matservering, barnedisko, butikkar, badestrand, idrettshall osv kan du gå til. På grunn av utbygginga av Hardanger bade og velværesenter som skal stå ferdig 15 desember 2019 vert det færre baner tilgjengleg i 2019. For at alle lag som ynskjer skal få delta samt at cupen skal behalde særpreget med at alt er i gangavstand har ein beslutta å arrangere Øystese Cup på to alternative helger i 2019. Det er då plass til max 100 lag kvar av helgene. So dersom ditt lag har ei bestemt helg dei ynskjer å delta på anbefaler me å melde seg på so snart som mogleg 🙂
Sidan andre alternativ helga er i samband med Kristi Himmelfartsdag opnar me også opp for kamper 30 mai om nokon har ynskjer om det

Øystese Fotball håper alle laga som deltok i fjor samt mange nye tek turen til Øystese i mai/juni

Dato: 24-26 mai ELLER 31 mai – 2 juni
Stad: Øystese Kunstgrasbane, kunstgrasbane ved barneskulen, grasbane på Mikkjelsflaten og grasbane i Busdalen
Klassar: Gut 7, 8, 9, 10, 11 og 12 år.   Jente 7, 8, 9, 10, 11 og 12 år.
Speletid: 2 x 13 min
Tal spelarar: 5-ar lag frå 7-10 år.  7-ar lag for 11 og 12 år.
Tal kampar: Minimum 3 kampar til lag som ikkje overnatter. Minimum 4 kampar for lag som overnatter 1 natt og minimum 5 kamper for lag som overnatter 2 netter
Pris: 800 pr lag.

Generell info:
Me kan tilby måltid og overnatting på skule. Prisen for dette er 400,- pr deltakar og dette inkluderar overnatting frå laurdag til sundag, frukost sundag og middag laurdag. Ved overnatting frå fredag til sundag vert kostnaden 100,- ekstra og inkluderer ein ekstra frokost i tillegg til ein ekstra overnatting

Det vert open kiosk under heile turneringa.
Alle deltakarar vert premiert.
Barnedisko i Holmatun ungdomshus på laurdagen

Kampoppsett og tidsskjema vert lagt ut på heimesida til Øystese Fotball (www.oystesefotball.no) like etter at påmeldingsfristen har gått ut. Det vert også sendt på mail til kontaktpersonane på kvart enkelt lag.

Påmelding:
Send e-post til post@oystesefotball.no eller turneringsleiar roger.x.vassnes@gsk.com.
Påmelding innan 10.mai 2019.
Betaling til kontonr.: 3633 54 20084, merk med lagnamn og klasse

By | 2018-11-16T21:54:25+00:00 13. november 2018|0 kommentarer