Øystese sitt A lag hadde før kampen mot Bremnes 8 strake tap og ikkje vunnet sidan før ein gjekk i 17mai tog.  Desverre fortsatte motgangen mot Bremnes. Bremnes er nyopprykka frå 5 divisjon men trenar Geirmund Brendesæther har forsterka laget med 4 kvalitetsspelarar frå Litauen og laget har hevda seg i toppen av 4 divisjon.  Bremnes tok leiinga mot Øystese på eit langskot som skifta retning i ein annan spelar og derfor satte Øystesekeeper Lars Mundheim Oma ut av spel. Midtvegs i fyrste omgang dobla Bremnes leiinga på eit nytt langskot. Øystese fekk eit nytt håp då Vitor Martelo reduserte til 2-1 via stanga. Øystese hadde mesteparten av spelet i 2 omgang men det resulterte ikkje i nokon tellenda mål. Morten Heradstveit Øyri satte ballen i mål men det vart annulert for offside. Sannsynlegvis var det ei riktig avgjerd. Fleire andre store sjanser vart enten satt utanfor eller redda av Bremnes sin gode litauiske keeper. Victor Carvalho bomma på ballen frå to meters hald.  Etter corner stod det plutselig tre Øystesespelarar åleine på bakerste men Martin Fasteland satte ballen over mål frå kort hald. Tida rant ut og Bremnes kunne ta med seg alle poenga heim til Bømlo. Øystese må snart begynne å ta poeng ellers vert det nytt nedrykk på A laget