Etter to begredlege treningskamper mot Loddefjord og Os var det betring å spore for A laget i helgas treningskamp mot Ny Krohnborg. Kampen starta på verst mogleg vis då Ny Krohnborg scora i fyrste angrep. Innlegg frå kanten vart møtt på fyrste stolpe og flikke i mål. Øystese kom seg etter kalddusjen og tok gradvis over kampen. 3 mål av Vitor Martelo gjorde at Øystese kunne gå til pause med 3-1 leiing. Etter pause fortsatte Øystese å kjøre kampen med Ny Krohnborg på farlege visitter utan at det vart mål av det. Martelo scora eit mål i andre omgang også slik at kampen enda 4-1. Fortsatt mykje å rette på til seriestart men i motsetning til dei to fyrste kampane hadde ein i denne kampen litt meir enn 11 mann å ta av