Øystese møtte 3 divisjonslaget Bergen Nord i fyrste kvalikrunde i Norgesmesterskapet. Draumen om Ullevål levde hos begge lag før kampstart men berre eit lag kunne gå vidare. Øystese har mista ein del spelarar etter nedrykket frå ifjor slik at det var 4 juniorer som aldri har starta ein offisiell seniorkamp i startelleveren mot Bergen Nord.  I eit ufyselig vær var det ein tett og jevn fyrste omgang. Lite store sjanser og mykje kjemping av begge lag.  I andre omgang er det Bergen Nord som tek leiinga. Steffen Egesund står veldig langt inne i feltet og heile Øystese roper på offside men linjedommer markerer at det er mål. Øystese utliknar då Didrik Angell header inn eit frispark frå venstre kanten. Kampen opner seg opp og Bergen Nord får meir rom å springe i som trøtte Øystese bein ikkje klarer å demme opp for. To kjappe Bergen Nord scoringer på overganger gjer at kampen ser avgjort ut. Eit par friske bein er komen innpå for Øystese og ein av dei gjev Øystese nytt håp. Øyvind Berge reduserer til 2-3 når det er 10 minutt att. Øystese mobiliserer på slutten og pumper lange baller inn i feltet til Bergen Nord. Det vert desverre ikkje fleire mål og Bergen Nord tek sigeren 3-2 og er eit skritt nærmare Ullevål