A laget starta serien med bortekamp mot Sandviken på onsdag. Sandviken har forsterka kraftig foran årets sesong og er avdelinga sin soleklare opprykkskandidat. Fyrste omgang var stort sett spel mot eit mål og det var ikkje ufortjent at storscorer Øystein Myrkjaskog satte inn 1-0 for vertane på corner etter ca 30 min.  Øystese ville ha hands på målet men dommeren godkjente. Då Daniel Campos auka til 2-0 såg det mørkt ut med muligheter for poeng i seriestarten. Men etter pause heva Øystese seg betraktelig. Kom til ein del sjanser og fekk straffe etter at Anders Næs vart felt. Straffen satte Jens Aase sikkert i mål. På stillinga 2-1 fekk Øystese eit lite håp om å kunne rane til seg eit poeng men håpet vart sløkt då Øystese meide ned ein Sandviken angriper i 16 meteren. Soleklar straffe og 3-1 til heimelaget.  Når Øystese i tillegg slo eit frispark direkte til ein Sandviken angriper som fekk fri bane mot keeper og kunne score enkelt var kampen ferdig. Sandviken fekk nok eit mål på tampen slik at dei vant komfortabelt 5-1. Neste kamp for Øystese sitt A lag er heime mot Lyngbø 22 april