Øystese med dårleg seriestart var i dag til Bømlo for å prøve å starte poengfangsten.  Bremnes var motstander i kampen om poeng. Bremnes har vore på handletur til aust Europa i løpet av vinteren og henta 4 litauere som alle held eit bra 4 divisjonsnivå. Tidlegare Brannspelar Geirmund Brendesæter, som også var ein liten periode i Norheimsund etter at Brannkarrieren var over, er mannen som leder troppene på Bremnes. Grunna konfirmasjon, skader og diverse var det ein tynn tropp som tok turen frå Øystese i dag tidleg. Når ein av bilane i tillegg klarte å kjøre seg vill på Os og missa ferja virka forutsetningane dårleg for poeng.  Det var og Bremnes som kom best i gong og etter ca halvtimen tok heimelaget leiinga 1-0.  Etter pause var det på nytt Bremnes som scora. Med 2-0 var trua på poeng enda mindre men som Arne Scheie pleier å sei er 2-0 ein farleg ledelse. Etter ca 70 minutt reduserer Didrik Angell til 2-1 og trua på poeng begynner å spre seg i Øysteselaget.  Når samme mann fyrer eit skot i vinkelen til 2-2 er alt mogleg. Med litt flaks kunne Øystese tatt heim alle tre poenga men med litt uflaks kunne det og blitt 0 poeng i bagasjen so 1 poeng heim til Hardanger sørger iallefall for at Øystese har starta poengsankinga