Kampen mot Solid starta på best tenkelig måte for Øystese. Allereie etter tre minutter var dei blå i leiinga 1-0. Victor Carvalho vert spelt igjennom og scorer sikkert åleine med keeper. To minutter kan samme mann doble leiinga på ein ny gjennomspeling. Vic runder keeper men set ballen i stanga istadenfor det tomme buret.  Øystese set like etter ein ny ball i nettet men vert avblåst for offside. Etter den gode starten til Øystese tek Solid meir over. Det er derfor ikkje ufortjent at dei utliknar like før pause. Eit frispark nede ved cornerflagget går forbi alle og inn i mål på bakerste stolpe. Om det var meint som innlegg eller skudd er usikkert. Uansett 1-1 og laga er like langt til pause. Etter kvilen virker det som Øystese har tatt sovepiller i pausen. Tafatt forsvarsspel kombinert med at Solid får blod på tann sørger for at måla renn inn bak Lars Mundheim Oma i Øystese målet. Solid set tre kjappe etter klabb og babb i bakre rekker hos Øystese. Med 20 minutt att og 4-1 til bortelaget virker det som det ikkje vert noko poeng til Øystese i denne kampen. Men so får plutselig Knut Eriksen Eide ballen i beina heilt åleine inne i straffefeltet, Han set ballen under Solidkeeperen og tenner eit lite håp. Når Didrik Angell tre minutt etterpå krangler inn 3-4 er det full fyr i kampen igjen. 10 minutt før slutt går Knut Eriksen Eide overende i straffefeltet og dommer ble straffe til Øystese. Jens Aase er sikker frå straffefeltet og laga er like langt med 10 minutt att. Dei siste 10 minutta bølger kampen fram og tilbake. Med 30 sekund att på kampuret sender Øystese avgårde ein lang ball som dett ned hos Victor Carvalho som står åleine ute på kanten. Han skjærer inn mot mål og scorer til elleville jubelscener på Øystese stadion. Øystese held unna i overtidsminuttene og tar tre viktige poeng