Tre poeng på Kuventræ

Øystese og Os 2 har begge komen litt svakt i gong i årets sesong. Øystese tok sin fyrste trepoenger sist helg mot Solid. Og akkurat som mot Solid so starta dagens kamp mot Os 2 på best tenkelig måte. Ein lang crosser frå Anders Næs til svoger Morten Øyri som flikker videre til Joao Pereira som skyter inn 1-0 før minuttet har gått. Neste mål er det delvis Os som forærer til Øystese. Eit katastrofalt tilbakespel vert snappa av Øyvind Berge som speler videre til Jens Aase som skyver videre til Joao Pereira som kan score sitt andre mål. Os 2 har fleire gode sjanser men det vert ikkje noko mål før like etter pause. Øystese roter vekk ballen på midten og Os kjem på ein kjapp overgang. Reduseringa skaper ekstra liv i Os som presser på men istadenfor er det Øystese som kjem på ein overgang. Øyvind Berge speler Victor Carvalho gjennom som åleine med keeper sørger for at Øystese er i leiinga 3-1. Os er veldig nærme når dei skyt i krysset og ned på strek men Øystese slepp med skrekken. Presset til Os gjev ein ny redusering då eit skudd frå 18 meter snik seg inn heilt nede med stanga. Med 2-3 presser Os på for utlikning men nok ein gong er Øystese giftig på kontring. Morten Øyri skjærer gjennom og serverer dagens jubilant Anders Næs på blank goal. Anders setter inn 4-2 i sin kamp nr 100 for Øystese sitt A lag. Nokon fleire mål vert det ikkje og Øystese tek ein viktig siger på bortebane

By | 2019-05-12T19:54:03+00:00 12. mai 2019|0 kommentarer