J17 med tre på rad

J17 tok i dag sin tredje siger på rad.  Nordre Fjell/Skjergard hadde i dag tatt den lange turen frå Sotra inn til Øystese. Dårleg nytt for Øystese då superspiss Emma Kristiansen måtte kaste inn håndkleet 30 minutt før kampstart.  Heldigvis fekk ein tak i «fotballpensjonist» Elsa Lofthus Rosseland som erstatter. Elsa tok den korte vegen frå Vik ned til banen og var klar til kampstart.  Nordre Fjell var eit godt lag som hadde fleire store sigrer før dagens kamp mot Øystese. Dei hadde og fleire gode sjanser men kom ikkje til noko nettkjenning. Heller ikkje Øystese fekk oppleve nettsus i fyrste omgang. Midtvegs i andre omgang serverte Ingeborg Hovland ein fin ball til Elsa som kom åleine mot mål. Frå skrått hold fekk ho satt inn 1-0 til Øystese. Etter Øystese tok leiinga pressa Nordre Fjell på for utlikning men keeper for dagen Velaug Kaale Midthus hadde eit par strålande redninger og holdt buret reint. 1 minutt før slutt sikrer Ronja Garen sigeren. Ein strålande prestasjon av Ronja som etter 79 varme og lange minutt var nede på corner mot Øystese. Etter å ha klarert corneren legger Ronja ut på eit 100 meters løp. Elsa Lofthus tek klareringen på midten og sender den perfekt videre til Ronja som etter eit sugande løp avslutter med å dunke ballen i mål.  Dermed tek j17 sin tredje siger på rad

By | 2019-05-19T21:00:18+00:00 19. mai 2019|0 kommentarer