Damelaget best på bortebane

Øystese sitt damelag har ein frykteleg god statistikk på bortebane (og tilsvarande dårleg på heimebane). I går møtte ein Dale på bortebane. Etter 15 minutt av kampen fekk Øystese straffe. Dordi Grindhaug sette straffen sikkert i mål til leiing for Øystese. Før pause sørga Ronja Garen for å doble leiinga. Øystese fortsatte presset i andre omgang. Lena Linga Berge sørga for 3-0 før Emilie Christensen fastsatte sluttresultatet til 4-0 til Øystese. Det betyr at Øystese har vunnet alle sine bortekamper med 9-0 i målforskjell men samtidig tapt alle sine heimekamper med 1-10 i målforskjell.

By | 2019-06-04T09:07:51+00:00 4. juni 2019|0 kommentarer