Jenter 15 laga til Øystese og Nordhordaland Ballklubb hadde begge vunne alle sine kamper før dei møttes til kamp tirsdag. Nordhordaland tok kommandoen i kampen som gjekk på bortebane i Knarvik.  Etter kort tid i kampen leia NBK 2-0.  Øystese hadde sine sjanser og reduseringa kom. Eit susande frispark frå Camilla Hellingsrud sørga for 2-1. Sigrid Bruflat utlikna før pause slik at laga var like langt ved halvtid. Etter pausen var det Øystese som kom best i gong då Linnea Stryker-Vassnes satte inn ein retur frå keeper. NBK utlikna til 3-3 før Camilla Hellingsrud satte inn eit nytt flott frispark. NBK sørga igjen for balanse i rekneskapen då dei satte inn 4-4 etter flott angrepsspel. Live Tonning Kjøsnes sende Øystese på nytt i leiinga med eit flott langskot. Dette var kampen ingen av laga ville tape so NBK utlikna nok ein gong slik at sluttresultatet vart 5-5. Dermed er fortsatt begge laga like gode og det kan bli målforskjell som avgjer kven av laga som vinn avdelinga og får spele 1 divisjon til hausten