Etter 9 kamper på rad uten poeng sikra Øystese sitt A lag endeleg tre poeng.  Borte mot Solid i eit forferdeleg regnvær hadde Øystese fordelen av sterk medvind i fyrste omgang. Øystese kom til fleire gode sjanser samtidig som Solid hadde problem med å få ballen over midten pga sterk motvind. Store sjanser til tross vart det fyrst mål då Thomas Lyngbø fyrte av frå 35-40 meter. Vinden gav ballen ekstra kraft og den fauk inn oppe under tverrliggeren. Fleire mål vart det ikkje i fyrste omgang og Øystese kunne inn til tørk i 15 minutt. I andre omgang starta Solid med å presse Øystese. Men før dei fekk trua på poeng fekk Øystese auka til 2-0.  Preben Skorpen set inn Øystese sitt andre med brystkassen etter corner. Motvinden sørger for at Øystese får sitt tredje mål. Preben Skorpen skyter frå 30 meter men ballen stopper i lufta og dett ned i beina på Vitor Martelo som kan score frå 8 meters hald.  Etter dette er ikkje bortesigeren trua og det er kun spørsmål om den kan bli større. Og det blir den då Preben runder keeper og set ballen i det tomme buret til 4-0.  4-0 vert sluttresultatet og endeleg kan Øystese juble for 3 poeng. Det er imidlertid langt frå nok og Øystese ligg fortsatt 7 poeng bak sikker plass slik at mykje jobb gjenstår om ein skal sikre plassen