Spennande og dramatisk kamp mot Djerv

Ingenting anna enn tre poeng var godt nok for Øystese i lørdagens kamp mot Djerv. Det såg imidlertid svært mørkt ut med tanke på poeng i starten av kampen. Kun eit par minutt var gått før raske og gode Besar Ademi gav heimelaget 1-0. Kort tid etter dobla sørlendingen og tidlegare Startspelar Jonas Vaaler heimelaget si leiing. Då Ademi gav Djerv leiinga 3-0 etter 15 min såg det ut til å bli ein kamp ein fort burde gløyma. Men Øystese viste moral og gav ikkje opp sjølv om det såg mørkt ut. Etter halvtimen fekk Øystese frispark på 20 meter. Frisparket set Vitor Martelo fint i mål. Samme mann reduserer til 3-2 då han set inn ein retur frå 15 meter. Og når Jens Aase utliknar til 3-3 fem minutt før pause er det full fyr i kampen. Øystese får på nytt frispark på 20 meter rett før pause men denne gongen set Martelo frisparket i tverrliggeren. Etter å henta opp 3 mål går Øystese til pause med trua på å vippe kampen i sin favør etter pause. Lynraske Ademi har andre planer og i fyrste angrepet etter pause spring han frå Øystese sitt forsvar og gjev Djerv leiinga på nytt. Didrik Angell nikker inn 4-4 etter corner og laga er på nytt like langt. Kampen er tett med mange tøffe taklinger. Heile 9 kort vert delt ut. 3 gule til Øystese og 6 gule til Djerv. Midtstopperen til Djerv får sitt andre gule kort 15 min før slutt og Øystese får fordelen av å spela mot 10 mann på slutten av kampen.  Ein spesiell situasjon oppstår då Øystese presser på for å ta tre poeng. Det er kun ein ball på banen og Øystesetrenar Øyvind Olsen meiner det tek for lang tid å leite etter den kvar gong den går ut. Han vil derfor ta ut eit par tre baller av ballnettet til Djerv som ligg ved innbytterbenken. Dette blånekter Djerv på. Når Jens Aase då set inn 4-5 eit par minutt før slutt feirer Olsen med å rive av seg drakta foran Djerv benken og får då eit korrekt gult kort av dommeren. No når det er Djerv som må jage mål kjem imidlertid ballane ut av ballnettet. Med 10 mann presser Djerv på mot slutten men Øystese punkterer kampen på ein kontring på overtid. 4-6 og tre livsviktige poeng heim til Hardanger. Det er tre kamper att og Øystese må minimum vinne to av dei kanskje alle tre for å stå i divisjonen

By | 2019-09-29T09:07:16+00:00 29. september 2019|0 kommentarer