J 17 med 6 poeng på 3 dager

Jenter 17 fekk pga ein utsatt kamp to kamper på tre dager. Fyrste kampen borte mot serieleiar Voss var på papiret årets tøffaste bortekamp. Voss stod med fem strake sigrer og ein uavgjort før dei tok i mot Øystese. Når Øystese i tillegg fekk mange forfall og måtte reise opp utan keeper og med kun 6 jenter frå j17 såg det stygt ut før avreise. Ein fekk med 4 jenter frå j15, ei jente frå j14 og ei jente frå j12! Slik at ein var i det minste 12 spelarar klar til kamp. Velaug Kaale Midthus tok jobben som keeper og løyste den med glans. Strålande keeperspel gjennom heile kampen frustrerte sigersvante vossinger. Resten av laget spelte og på sitt beste denne kampen. Enorm jobbing av alle dei 12 jentene sørga for at Voss ikkje fekk spela sitt spel. Voss har mesteparten av trykket men det er Øystese som tek leiinga 1-0 då Hannah Svela set inn ein retur frå keeper. Men gleden varte kun i 10 sekund for dommer annulerte for offside. Det var ikkje VAR på Voss slik at det er umuleg å sei om det var korrekt. Men kort tid etter kjem Ronja Garen fri på kanten og skyt inn 1-0 mellom beina på Voss sin ellers gode keeper. Denne gong ingen annullering og Øystese kan gå til pause med leiing. Etter pause trykker Voss på enda meir og Øystese med kun ein 12 åring på benken begynner å få slitne bein. Voss kjem nesten på kontinuerlege angrep men midtstopper Maria Øygard spelar ein stor kamp og rydder opp kvar gong med god hjelp av resten av forsvaret. So får Øystese ein overgang. Sigrid Bruflat parkerer forsvaret til Voss og spring heilt ned til dødlinja. På veg ut att vert ho felt og Øystese tildelt eit frispark. Ronja tek frisparket frå skrått hald. Eit godt frispark går inn heilt oppe med tverrliggeren og Øystese leder 2-0. Resten av kampen vert ein forsvarskamp. Jentene jobber som slaver og får klarert gang på gang. 12 år gamle Thea Fykse får sin debut på j17 og klarer seg fint. Til slutt sprekk det i forsvar og Voss kjem åleine med Velaug i mål. Frå 5 meter kan ikkje ein gong Velaug hindre mål. Då er det heldigvis for Øystese kun 1 minutt att slik at Øystese vinn kampen 2-1 takka vera enorm jobbing av alle 12 involverte jenter.
To dager etterpå var det ny kamp. Denne gong på heimebane med Nore Neset som motstander. På papiret ei langt enklare oppgave enn Voss borte. Men kamper vert sjelden vunnet på papiret. Nore Neset viste seg som eit godt lag og før det var gått 10 minutt var dei i leiinga. Eit skudd vert stussa vidare av Øystese sitt forsvar, over keeper og i mål. 1-0 blei til 2-0 då Fredrikke Rasmussen var litt for sterk i ein duell i straffefeltet. Skulder mot skulder men Nore Neset spissen gjekk på trynet og fekk straffe. Straffen blei satt sikkert i mål. Det såg ut som Nore Neset skulle gå til pause med to måls leiing men rett før pause kom Sigrid Bruflat forbi på kanten. Frå skrått hold skyt ho via keeper og i mål. Etter pause er det Øystese som tek meir over kampen men det vert ikkje noko teljande resultat av det før Øystese får frispark på hjørnet av 16 meteren.  Omtrent samme hold som på Voss to dager før. Og akkurat som på Voss set Ronja Garen ballen i mål. 2-2 og Øystese jager eit mål til. 5 minutt før slutt kjem siste målet. Eit tilbakespel vert klarert rett opp i lufta av Nore Neset sin keeper. Hannah Svela er våken og har forfulgt tilbakespelet. Ho kan derfor frå kort hald sette inn 3-2.  Øystese jentene viser sterk moral og snur 0-2 til 3-2 siger. 6 poeng på 3 dager er dermed eit faktum

By | 2019-10-04T07:47:31+00:00 3. oktober 2019|0 kommentarer