A laget til Øystese burde absolutt vunnet heimekampen mot Frøya for å ha eit fortsatt håp om overlevelse i divisjonen. Men akkurat som sist kamp sørger slurv i bakre rekker for ein elendig start på kampen. 2-0 til Frøya etter 4 minutt er ikkje eit bra utgangspunkt for tre poeng. Sist kamp klarte ein å snu det elendige utgangspunktet men denne gongen blei det kun nesten. Martin Fasteland gav Øystese eit lite håp då han scora sitt fyrste A lagsmål like før pause. 1-2 blei imidlertid fort til 1-3. Erik Kanestrøm gav Øystese nytt håp då han reduserte til 2-3.  Men Øystese har eit snitt på over 3 baklengs pr kamp og også i denne kampen vart det over 3 baklengs. Med 4-2 til Frøya og kort tid att såg det ikkje særleg lyst ut. Knut Eriksen Eide nikker inn ein redusering etter corner men det vert ikkje fleire mål slik at Frøya vinn 4-3. For lag i motgang er ofte marginene imot. Slik også i denne kampen. Kanestrøm scorer nok eit mål men vert avblåst for offside. Noko som sannsynlegvis ikkje var riktig. Tabellsituasjonen er no slik at Øystese må vinne sine to siste samt at ein er avhengig av resultat i ein del andre kamper.