Tre poeng til damelaget

Øystese tok imot Dale til kamp i haustferien. Kampen starta ikkje noko særleg bra då Dale scora på sitt fyrste angrep. Øystese hadde det meste av spelet men klarte ikkje å utnytte overtaket på banen til teljande resultat før på slutten av omgangen. Linn Therese Høvik serverer svigerinne Silje Hestad Valland ein flott gjennombrotspasning. Silje bruker farten sin og scorer sikkert åleine med keeper. I andre omgang fortset samme kampbildet. Øystese har ballen mest utan å komme til dei store sjansen. Til slutt er det ein pasning frå motstander som sender Ronja Garen gjennom. Ho scorer via keeper og det vert 2-1 og tre poeng til Øystese

By | 2019-10-08T10:04:58+00:00 8. oktober 2019|0 kommentarer