Siger og nedrykk

A laget tok i dag mot NHH til kamp i 4 divisjon. Premissene var klare for dagens kaptein Martin Fasteland og resten av Øysteselaget på forhånd. Øystese måtte vinne samtidig som Smørås måtte tape for at det fortsatt skulle vera teoretisk mogleg å behalde plassen i 4 divisjon.  Som vanleg starta Øystese med å sleppa inn eit mål. Overmodig forsvarsspel straffa seg og spissen til NHH kom åleine mot Lars Mundheim Oma i Øystesemålet. Spissen til NHH set ballen i mål før 10 minutt er gått.  Øystese har eit lite overtak og kjem til fleire halvsjanser. Det vert ikkje noko utteljing før Øystese får tildelt straffe halvvegs i omgangen. Keeper går riktig veg og tek straffen nesten men Erik Kanestrøm sørger for at laga er like langt. Preben Skorpen sørger for at Øystese leier til pause. Ein lang ball på bakerste omset han i scoring frå kort hald. Etter pause er det ein nesten identisk scoring men denne gong for NHH. Lang ball på bakerste der det står ein NHH spiss heilt åleine. Som Preben scorer han sikkert frå kort hald. 2-2 står seg lenge. Øystese presser på då dei veit at dei må vinne for å halde liv i 4 divisjonsdrømmen. 5 minutt før slutt kjem Øystese fri på kanten og innlegget header Preben i mål. 1 min før slutt vert Vitor Martelo bytta inn. Hans fyrste og einaste spark på ballen i denne kampen vert scoringa til 4-2.  Øystese gjer sin jobb med å vinne kampen men det hjelper desverre ikkje då Smørås i andre avdelinga vinn 5-1 og Øystese kan derfor ikkje få fleire poeng enn Smørås. Det betyr at kampen neste helg mot Trio vert betydningslaus og Øystese må innsjå at neste sesong vert det spel i 5 divisjon

By | 2019-10-12T18:50:51+00:00 12. oktober 2019|0 kommentarer