Foreldre- og trenarinfo 2018-04-07T14:26:27+00:00

Sportsplan

Øystese fotball har utarbeida sportsplan for drifta og gjennomføring av aktivitetar i klubben. Planen blir revidert kvart år og vert presentert for alle trenarar og lagleiarar i forkant av kvar sesong slik at alle kjenner til og praktiserar det klubben ynskjer. I denne planen finn ein all informasjon ein treng som trenar, oppmann eller forelder.

Last ned sportsplan

Trenar- og oppmannoversikt

Trenar- og oppmannsoversikt

Treningstider og kampar

Sjå oversikt i menyen på nettsidene.
Dei yngste laga spelar i Hardangerserien som er ein lokal serie der terminlister vert sett opp lokalt.
Frå 11 år og oppover er laga påmeldt i kretsseriar og kretsen set opp terminliste. Alle barnefotballag er direktepåmeldt Øystese cup, kampoppsett kjem i byrjinga av mai.
J11/G11/j12/g12/j13/g13/j14 og g14 er påmeldt Sogndal Cup

Etikk, moral og fair play

Klubben jobbar for at alle lag, styret og involverte i Øystese fotball skal jobba etter retningslinjer for etikk, moral og fair play. Les om dette her.

Dommarar

Seriekampar i 5erfotball (Hardangerserien) vert dømt av foreldre, trenar, oppmann eller klubbdommarar. Seriekampar i 7erfotball vert dømd av klubbdommere. Ungdomsfotball får sporadisk sett opp dommarar, elles må laga sjølv ordna dommarar.

Oversikt dommarar Øystese fotball

NFF sine sider om reglar, tips, osv.

Lagleiarmanualar

Klubben har utarbeida oversiktar over arbeidsoppgåver som lagleiar/oppmann. Sjå også sportsplanen.
Lagleiarmanual barnefotball

Lagleiarmanual ungdomsfotball

TRENINGSAVGIFT   2018

Alle som er aktive medlemmer av Øystese Fotball betaler treningsavgift inn til kontonummer 3633 54 21579.  (NYTT NUMMER!) Har ein vanskar med å betale, ta kontakt med nokon i fotballstyret så ordner vi dette. Men utan slik avtale skal INGEN som ikkje har betalt spele kampar for Øysteselag i 2018!  Øystese Fotball forsikrer alle spelarar på trening og i kamp under forutsetning at treningsavgift er betalt. Det er derfor fint om treningsavgift vert betalt so snart som mogleg slik at du er forsikra frå dag 1.

HUSK Å MERKA INNBETALINGA MED NAVN!!!

Satsene er som følger:

Born fødd i 2011 – 2006 (barnefotball)                       700
Born fødd i 2005 – 1999 (ungdomsfotball)               1400
Senior                                                                                1700
Trimgjeng/Sofaslitere/Husmødre/Old Boys                700

 I tillegg til treningsavgifta skal ein stå som medlem i Øystese Fotballklubb.
Gjeldande satsar:
Familiemedlemsskap :                      300 ,-
Aktiv vaksen (over 19) :                    200 ,-
Born :                                                 100,-
Støttemedlem:                                   100,-

Fotballforsikring

Alle spelarane i Øystese er forsikra. Forutsetninga for dette er at treningsavgift er betalt. Alle skader som medfører besøk på legevakt eller kan medføre utgifter seinare må registrerast om du skal få refusjon for utgiftene. Det er spelaren sjølv, eventuelt med hjelp av foresatte, som er ansvarleg for å melda inn skaden.. Det er viktig at trenere og lagleiarar informerer foresatte om dette. NFF skademeldingsskjema og meir info om fotballforsikringa finn du på vedlagte link: . https://www.fotball.no/klubb-og-leder/forsikring/

Dugnadar

Alle som har born i fotballen vert kalla ut på EIN dugnad i løpet av året. Den eine dugnaden er Øystese Cup. Her vert alle frå senior til 2011 foreldre kalla ut på dugnad. Dei som spelar på Junior og seniorlag vert kalla ut som seg sjølv. På yngre born vert foreldra kalla ut. Dette er hovudinntekskilda til Øystese Fotball og derfor viktig at alle stiller. Senior har i tillegg 5 andre dugnadar sidan dei finansierer sine eigne kostnader. Dersom du er vekke Øystese Cup helga kan du få lov å stille på ein av desse dugnadane i staden for

Tidspunkt        Kva                     Kven blir kalla ut på dugnad

24 mars          Påskedans                   A lag
25-27 mai       Øystese Cup                 alle
25-28 juni        Fotballskule              A lag
13 – 15 aug    TINE fotballskule       A lag
14 August      Sommerdans               A lag
6 oktober        Siderfestival                A lag

Hospitering

Hospitering er til FOR spelaren og utvikling av enkeltindivid, hospitering er ikkje til for at lag skal ha resultatfokus og vinne fotballkampar. Les meir i sportsplanen.

Politiattest

Alle ansatte og trenarar i Øystese fotballklubb skal levera inn politiattest.

Klubbklede og utstyr

MX Sport Øystese har gode rabattar på klubbklede. Ta kontakt med MX Sport for å bestille.

Nettsidene

Om du har bilete eller anna stoff som du ynskjer skal publiserast på nettsidene til Øystese fotball kan desse sendast til Øystese fotball.

Foreldrevettreglar

Gjennom barn og ungdoms deltakelse i fotball vil omtrent annenhver husstand ha et forhold til fotball, enten som deltaker, som tillitsvalgt eller som foreldre/foresatte. Denne frivillige innsatsen utgjør selve fundamentet norsk fotball bygger på og er avhengig av. Stor deltakelse fra foresatte, foreldre og besteforeldre vil i framtida være avgjørende for å kunne gi barn og unge et godt fotballtilbud.

Foreldrevettregler
Som foresatte og foreldre kan du bidra til å gjøre barnefotballen til en opplevelse for barna. Her er noen huskeregler:

1. Møt opp til kamp og trening – barna ønsker det

2. Gi oppmuntring til alle spillerne under kampen – ikke bare dine kjente

3. Oppmuntre i medgang og motgang – ikke gi kritikk!

4. Respekter lagleders bruk av spillere – ikke forsøk å påvirke han/henne under kampen

5. Se på dommeren som en veileder – respekter avgjørelsene!

6. Stimuler og oppmuntre ditt barn til å delta – ikke press det

7. Spør om kampen var morsom og spennende – ikke bare om resultatet

8. Sørg for riktig og fornuftig utstyr – ikke overdriv

9. Vis respekt for arbeidet klubben gjør – delta på foreldremøter for å avklare holdninger og ambisjoner

10. Tenk på at det er ditt barn som spiller fotball – ikke du

11. Vis respekt for andre – ikke røyk på sidelinja

12. Husk at barna gjør som du gjør – ikke som du sier

Diverse dokument

Dommerregning

EtikkMoralFairplay

Klubbdommarar_barnefotball

Lagleiarmanual barnefotball

Lagleiarmanual_ungdomsfotball

Manual elektronisk kamprapport

Presentasjon laglederkvelder ungdomsfotball