Telenor Xtra FFO / IFO 2018-09-16T10:29:25+00:00

Fotballfritidsordning (FFO) og idrettsfritidsordning (IFO)

Telenor Xtra Øystese

Øystese Fotball jobbar godt i aldersbestemt klasser, og eit av tilboda til borna er ein fotball-SFO. Hausten 2012 blei Øystese plukka ut til å delta i det landsomfattande prosjektet mellom Norges Fotballforbund og Telenor. Totalt blei 37 klubbar i heile Norge plukka ut, og Øystese blei ein av totalt tre klubbar i Hordaland, etter ein søknadsprosess.

Telenor Xtra Øystese er eit fotballtilbod til gutar og jenter frå 3 til 7 klasse. Vi tilbyr dette tilbodet kvar dag, og held åpent frå skuleslutt til kl.16.15

Telenor Xtra Øystese held frå hausten av til i kjellaren i Bedehuset. Her får barna får servert eit sunt brødmåltid før aktivitet, og eit fruktmåltid på slutten av dagen. Barna kan gjere lekser, dei kan spele ulike spel , evt slappe av i eit lite sanserom før aktiviteten startar opp. Aktiviteten foregår i hovudsak på kunstgrasbana, evt i Idrettshallen/gymsalen om det ikkje er forhold utandørs.

Aktivitetar:

Vi tilbyr eit variert aktivitetstilbod med hovudvekt på fotball. Utanom fotball driv vi skadeførebyggande trening, hurtighet, spenst og bevegelsestrening retta mot fotball og andre ballsporter. Vi setter individet i fokus og sørgjer for at kvar enkelt spelar skal oppleve trygghet, mestring og trivsel.

Personell:

Daglig leiar: Stian Solbakk

Instruktørar: Stian Solbakk. Avhengig av antal vil det kunne bli nytta fleire instruktørar.

Prisar:

Dersom eit born er 1 dag i veka er kostnaden 590,- i månaden Dersom eit born er 2 dagar i veka er kostnaden 1149,- i månaden. Dersom eit born er 3 dager i veka er kostnaden 1595,- i månaden Dersom eit born er 4 dager i veka er kostnaden 2195,- i månaden. Dersom eit born er 5 dager i veka er kostnanden 2590,- i månaden

Utstyr:

Alle barna som deltar på Telenor Xtra Øystese får utlevert godt treningsutstyr frå NFF/Telenor. Treningsgenser, Treningsbukse, Trenings t-skjorte, shorts, sokkar og sportsbag.

Påmelding:

Ynskjer du å melde på bornet ditt for neste skuleår sender du mail til dagleg leiar på ffo@oystesefotball.no Me gjer oppmerksam på at det er begrensa antall plasser og at me opererer med fyrst til mølla prinsippet

Meir informasjon

For spørsmål, ta kontakt med Øystese fotballklubb.

Siste nyhende frå Telenor Xtra FFO og idrettsfritidsordninga: