Etikk, moral og fair play 2016-04-16T08:30:11+00:00

ETIKK, MORAL OG FAIR PLAY I ØYSTESE

Spelarane

  • Ta godt vare på medspelarar og inkludera nye lagkameratar.
  • Unngå stygt spel og filming.
  • Skapa tryggheit og god lagånd på bana.
  • Spel fotball med godt humør, behandla motspelarar med respekt, hjelpe til ved skadar på andre i trening og kamp, takke for kampen, unngå banning og kjefting i trening og kamp.

Trenarar og leiarar

  • Få spelarane til å forstå dommaren sin situasjon og funksjon. At dei må ta hurtige valg og på samme måte som spelarane ikkje kan vera feilfrie.
  • Bruke tid på å forklara korleis me oppføre oss mot dommarar, med- og motspelarar.
  • Sjølv følge og oppfordra spelarane til å følga reglane i trening og kamp.
  • Aldri foreta handlingar som strider mot fotballens regelverk, dersom ein oppdagar at andre i klubben gjer overlagte handlingar som strider mot regelverket er ein plikta å melde frå til styret i Øystese Fotball.

Alle som ser treningar, kampar, følgjer lag i klubben, er med på dugnad eller er trenar/lagleiar i klubben

  • I Øystese snakkar me til kvarandre, ikkje om kvarandre. Har du spørsmål, innspel eller anna du vil ta opp, gå til den/dei det gjeld.
  • Ver positiv og støttande i trening og kampsituasjon. Dette gjeld spelarar, trenarar, lagleiarar og publikum. Dette vil gi tryggheit og skapa glede for alle involverte.
  • Dersom du høyrer eller ser noko som strider imot klubben sine retningslinjer for etikk, moral eller Fair Play er det fullt lovleg å seie ifrå. Gjer det på konstruktiv måte til den/dei det gjeld.
  • Følg Sportsplanen og les utfyllande informasjon om klubben sine verdiar og retningslinjer der. Dersom ein har innspel til vidareutviking av klubben ta kontakt med Sportssjef eller styret. Me byggjer klubben saman!
  • Ikkje ver redd for å gi ros til dei som legg ned ein innsats for klubben og bruk framsnakking når det føles rett.