LAGLEIARMANUAL UNGDOMSFOTBALL

Før sesong:

  • Delta på lagleiarforum. Her vil ein få innføring i kva det vil seie å vere lagleiar, gjennomgang av sportsplan og anna.
  • Registrera alle spelarane på laget i eit kontaktskjema. Navn, fødselsdato, adresse og telefonnummer. I samme skjema legg ein inn oversikt over føresatte og deira e-post og telefonnummer. Dette kan ein gjere saman med trenarane for laget/dagleg leiar i klubben.
  • Registrera alle spelarane i fiks som er systemet til hordaland fotballkrets (dette kan ha blitt gjort tidlegare).
  • Lage køyrelister til bortekampar, set opp ein reservesjåfør til kvar kamp.

Før og i sesong:

  • Sende ut info på e-post til føresatte om treningstider, cupar, kampar, foreldremøter, køyrelister til bortekampar, sportsplan, treningsavgift, dugnadsoppgåver, eventuell treningsleir, flytting av kampar, endringar undervegs og anna info frå klubben.
  • Ordne med dommar til heimekampar.
  • Åpne opp hovedinngangsdør til idrettshallen slik at laga har garderobar eller delegere dette til trenarar. Nøkkelbrikke blir utlevert på esso.
  • Fordel gjerne kven som skal sitte i kva bil til bortekamp, dette gjer at ein rullerar og skapar eit endå større fellesskap innad i laga.
  • Legge inn kamprapportar i fiks i forkant av kampar.
  • Vere tilstades på heimekampar i så stor grad som muleg. Ta i mot bortelag og hjelpe til med eventuelle pratiske spørsmål.
  • Ha kontroll på dommarrekningar og vidareformidle dei til økonomiansvarleg i styret.
  • Lage liste over kven som skal vaske draktar etter kamp, eventuelt løyse det på ein praktisk god måte.
  • Vere medlem av interngruppa til laget på facebook. Her kan ein og legge ut informasjon.
  • Ved behov for ferjekort kontaktar du roger vassnes.

Etter sesong:

  • Levere inn igjen draktsett til materialforvaltar i klubben etter sesongslutt.
  • Delta på lagleiarforum der ein oppsummerar sesongen og eventuelt kva ein kan vidareutvikla inn mot neste sesong.