Laster Arrangementer

Øystese Fotball inviterer på nytt til Sparebanken Vest bedrifts cup.  Dette er ein uhøgtidleg fotballturnering for bedrifter som vert avvikla 29 juni i Øystese.

På kvelden etter turneringa vert det premieutdeling og storslått bankett i Holmatun i Øystese

Regler:
Det er 7er fotball og kvar bedrift kan maks ha 1 aktiv på laget og totalt maks 12 spelarar på laget
(Aktiv defineres som ein som har spelt seriekamper i kretssystemet)

Bonussstraffer for å bruke damer på laget.  Kvart lag får ein bonusstraffe pr dame som er med på laget. Dette skal då vera damer som speler kampen og dei tek straffen sjølv. Det er i tillegg ein bonusstraffe til det laget som er eldst totalt sett av dei to laga som møtes.  Bonusstraffer for antal damer og alder vert tatt før kampen vert sett i gong.

Kampane er på 2×12 minutt i innledande runder og cupspel.  I finalen vert det 2×15 minutt

Er det uavgjort ved full tid i cupspel vil laget som har flest cornere gå av med siger. Er det uavgjort der også vert det avgjort på straffespark konkurranse. I finalen vil det bli avgjort på straffespark uansett ved uavgjort

Deltakarane på laget skal vera ansatte i bedriften og ikkje innhenta vikarer for dagen

For bedrifter utanfor Kvam ta kontakt med oss om ein treng hjelp til overnatting.

Påmelding av lag/bedrift kan du gjera til post@oystesefotball.no. Påmeldingsavgift pr lag er 900,- Påmeldingsfrist er 15 juni eller før om det vert fullteikna. Velkommen til ein uhøgtidleg og morsom turnering. Kombiner sommeravslutning med fotballturnering 🙂

Del sida med andre, velg plattform!

Gå til toppen