Sparebanken Vest bedrifts Cup
Øystese Fotball inviterer til Sparebanken Vest bedrifts cup. Dette er ein uhøgtidleg fotballturnering for bedrifter som vert avvikla 4 november i Øystese
På kvelden etter turneringa vert det premieutdeling og bankett på Hardangerfjord Hotel
Regler:
Det er 7er fotball og kvar bedrift kan maks ha 1 aktiv på laget og totalt maks 12 spelarar på laget
(Aktiv defineres som ein som har spelt seriekamper i kretssystemet)
Bonussstraffer for å bruke damer på laget. Kvart lag får ein bonusstraffe pr dame som er med på laget. Det er i tillegg ein bonusstraffe til det laget som er eldst totalt sett av dei to laga som møtes
Bonusstraffer for antal damer og alder vert tatt før kampen vert sett i gong.
Kampane er på 2×15 minutt i innledande runder og cupspel. I finalen vert det 2×20 minutt
Er det uavgjort ved full tid i cupspel vil laget som har flest cornere gå av med siger. Er det uavgjort der også vert det avgjort på straffespark konkurranse
Deltakarane på laget skal vera ansatte i bedriften og ikkje innhenta vikarer for dagen ?
For bedrifter utanfor Kvam stiller Hardangerfjord Hotel med spesialpriser på overnatting. Pris pr prs for bankett og overnatting i dobbeltrom: 900 kroner. Pris kun for bankett: 290
Ta direkte kontakt med Hardangerfjord Hotel for å booke overnatting/bankett
Påmelding av lag/bedrift kan du gjera til post@oystesefotball.no. Påmeldingsavgift pr lag er 900,- Påmeldingsfrist er 20 oktober
Velkommen til ein uhøgtidleg og morsom turnering