Øystese med 3-0 seier i Norheimsund!
Gå innpå artikkelen for å lesa liveoppdateringa.

Lagt inn 11.04.2010

Kampstart kl. 16.00!
Øystesefansen er allereie på plass med bannere og flagg, herleg å sjå !

Lagoppstilling Øystese:
Morten Madsen Skeie - Alexander Høvik, Bjørnar Skjelvan, Morten Langseth, Øystein Hesjedal - Arild Hammer, Karsten Raunehaug, Varg Klaveness, Svein Inge Børven - Kristian Pettersson, Henrik Moen.

NIL stillar med 9 stk frå elevar/lærarar frå Framnes pluss dei lokale Rune Kolltveit og Ørjan Norheim Johansen.

- Kampen er i gang. Stort Øystese overtak på tribunen!
- Frispark til NIL like utanfor 16-meteren, skuddet går 1 meter utanfor. 
- NIL får ballen i mål, men det vert annullert for offside!
- NIL ligg med tre-fire mann på topp og slår konsekvent langt.
- Stor sjanse til Øystese! Kristian kjem åleine med keeper men avslutninga går rett på keeper.
- NIL får frispark. Frisparket vert slått inn i feltet der ein NIL spelar får avslutta med heading, ballen går tre meter over mål. 
- Arild Hammer får muligheten til å avslutta frå tre meters hold, men han er uheldig og bommar på ballen! Stor sjanse!
- Svein Inge skyt, men NIL-keeperen slår til corner.
- MÅL ØYSTESE! Karsten Raunehaug scorar sitt fyrste obligatoriske mål for Øystese. Eit innlegg frå kanten endar hjå Karsten som header i mål!

Pause i Norheimsund. Øystese leiar 1-0.

- Då var me i gang med dei siste 45. min.
- Henrik med avslutning, men skuddet går fem meter utanfor.
- Corner til NIL, endar med ein halvsjanse.
- Skot frå Henrik går 2 meter over!
- MÅL ØYSTESE! Karsten skyt og skuddet går via ein NIL-spelar og i mål!
- MÅL ØYSTESE! Svein Inge scorar mot gamle lagkameratar! Det rungar "dette var lett!!" frå den blå delen av tribunen...
- Norheimsundspublikkumet byrja å forlata tribunen...
- Øystese har full kontroll på dette.
- Kampen er slutt! Øystese vinn 3-0!


[Tilbake]
Oppslagstavla
Oversikt treningstider

Kampar alderbestemt

Kampar barnefotball

Øystese knokkelcup Old Boys/Girls

TINE Fotballskule

Vedlikehald banen
Foreldreansvar
veke 35:
Gutt 96/97

Neste kamp
05.09.2010, 18:00
Øystese 2
Valestrand Hjellvik 2
Senior menn
Øystese Idrettsplass

Oversikt alle kampar Øystese Idr.plass:
fotball.no

Siste kamp
28.08.2010, 15:00
Øystese 2
Norheimsund 1
Senior menn
Norheimsund stadion


Di meining
Øystese i 3.divisjon. Korleis går det?

Topp
Midt
Botn

  
Hovudsponsorar
Sponsorar
Administrator Sist oppdatert: 3.september 2010 Utvikla av: © Trygve Laupsa