| Marius Danielsen forlater Øystese |
Leverte varene i sin siste kamp!
|
Lagt inn 27.06.2010
|
Marius har vore i Øystese mange sesonger no og vore ein viktig bidragsytar både på banen og utanfor banen! I tillegg til å vera ein god spelar har Marius eit enormt kontaktnett i fotballens verden. Fleire av spelarane i Øystese er der på grunn av Marius og hans overtalelsesevner. Marius har og i fleire år bidratt på Øystese futsal.
Men no er tida komen då Marius skal forlate Vestlandet
Avslutningskampen kunne ikkje vore regissert bedre om Hollywood hadde vore involvert. Marius har i årets sesong slete med manglande motivasjon og speletid og har derfor ikkje bidratt so mykje som både han og Øystese Fotball kunne ynskt.
Men i siste kampen før ferien mot Vadmyra fekk Marius sjansen dei siste tretti minuttene. Då Marius kom inn var stillinga 1-0 til Vadmyra og like etter blei Øystese redusert til ti mann. På overtid på stillinga 1-1 vert ballen slått langt inn i feltet. Ein Vadmyra forsvarer nikker ballen ut igjen i returrommet der Marius står på ca tredve meter og på heil volley fyrer han ballen klin opp i krysset. Utagbart for Vadmyra sin keeper! Like etter blåser dommer av kampen slik at dette var Marius sin aller siste ballberøring i den blå trøya (som forøvrig vart kasta til fansen og er no hos ein ivrig supporter)
Før Marius forsvinn har me eit par spørsmål til han
Kva er ditt beste minne frå tida i Øystese ?
Kunne sagt alle opprykkene men dagen i går (kampdagen) var heilt fantastisk. Først ein flott kamp eg får avgjort på overtid og deretter grilling i Øystese og hyggeleg samvær med alle mine gode kompiser på laget. Ein minnerik dag (og natt) i Øystese
Kor går veien vidare ?
Akkurat no står det mellom Chigago og Grimstad. Eg håper på eit fotballstipend på college i USA men trur det vert Grimstad
Korleis trur det går med Øystese i høst ?
Håper dei vert blant dei 6 beste og holder seg. Akkurat no ser det jo bra ut
Får me sjå deg i Øystese drakt igjen seinare ?
JA det håper eg. På Vestlandet finnes det berre to klubber som er aktuelle og det er Brann og Øystese
Øystese Fotball ynskjer Marius all mulig lykke til på veien om den går til USA eller Sørlandet! Det er nok ein del kvinnlege fans som må finna seg ein ny favorittspelar no!
| |
|
[Tilbake]
|
|
Oppslagstavla
Oversikt treningstider
Kampar alderbestemt
Kampar barnefotball
Øystese knokkelcup Old Boys/Girls
TINE Fotballskule
Vedlikehald banen
Foreldreansvar veke 35: Gutt 96/97
Neste kamp
| 05.09.2010, 18:00 |
| Øystese 2 |
| Valestrand Hjellvik 2 |
|
Senior menn |
| Øystese Idrettsplass |
Oversikt alle kampar Øystese Idr.plass:
fotball.no
|
Siste kamp
| 28.08.2010, 15:00 |
| Øystese |
2 |
| Norheimsund |
1 |
|
Senior menn |
| Norheimsund stadion |
Di meining
|