Henrik Moen flytter frå Vestlandet
Årets spelar i Øystese ifjor er ferdig med utdanning og skal prøve seg i voksenlivet

Lagt inn 28.06.2010

Henrik Moen er den einaste på årets Øysteselag som har spelt samtlege minutter. Slike spelarar er det ikkje lett å erstatte. I tillegg til å vera ein kjempegod spelar er også Henrik ein pådriver på treningane og ein av dei som har skapa det gode miljøet i Øystese.
Henrik vart ifjor fullt fortjent kåra til årets spelar og har også i år levert varene. Han er frå sin midtbaneposisjon delt toppscorar med Kristian Pettersson.
Henrik er også ein av arkitektene i Øystese Fusal og vil ,sjølv om han flytter på seg, fortsatt vera ein del av Øystese Futsal

Øystese Fotball har fått eit par ord med stjernespelaren før han pakker flyttelasset og drar.

Kva er ditt beste minne i Øystese Fotball ?  Då eg scora 4 mål mot Norheimsund i El Classico Kvam! Men mange gode minner; opprykket til 3 divisjon i fjor og ikkje minst opprykket til eliteserien i futsal i påsken i år er høgdepunkt

Kor går vegen vidare ?  Eg er ferdig med studiene og må få meg ein jobb. Skal prøve å få meg ein jobb i min andre heimby Oslo
 
Korleis trur du da går med Øystese i haust ?
Eg trur Øystese vil vera med å kjempa i toppen då det er veldig mange gode spelarar på laget men tipper det blir 2 eller 3 plass

Får me sjå deg i Øystese drakt igjen ?
Når Øystese er i Adeccoligaen kjem eg tilbake! På Vestlandet er det kun ein klubb som er aktuell :-)

Korleis trur du det går med Øystese Futsal i vinter ?  Eg trur me holder oss i eliten. Alt utover det er ein bonus

Då Henrik Moen kasta drakta til fansen etter kampen var da sjølvaste supportersjefen Andre Laupsa som med eit tigersprang sikra seg drakta (og autograf på drakta på grillfesten i Øystese seinare på kvelden). Den drakta var det nok mange av den kvinnlege supporterskaren som kunne tenkt seg..

Øystese Fotball takkar arbeidsjernet og storsjarmøren Henrik Moen for innsatsen og ynskjer lykke til med jobbjakt og suksess i ny klubb!  

[Tilbake]
Oppslagstavla
Oversikt treningstider

Kampar alderbestemt

Kampar barnefotball

Øystese knokkelcup Old Boys/Girls

TINE Fotballskule

Vedlikehald banen
Foreldreansvar
veke 35:
Gutt 96/97

Neste kamp
05.09.2010, 18:00
Øystese 2
Valestrand Hjellvik 2
Senior menn
Øystese Idrettsplass

Oversikt alle kampar Øystese Idr.plass:
fotball.no

Siste kamp
28.08.2010, 15:00
Øystese 2
Norheimsund 1
Senior menn
Norheimsund stadion


Di meining
Øystese i 3.divisjon. Korleis går det?

Topp
Midt
Botn

  
Hovudsponsorar
Sponsorar
Administrator Sist oppdatert: 3.september 2010 Utvikla av: © Trygve Laupsa