| Oppsummering av våren |
God innsats dei første seks månadane
|
Lagt inn 05.07.2010
|
Det har vore ein god start året for Øystese sine seniorlag
Øystese Futsal: Hadde (som året før) ein katastrofal start i første serierunde. Øystese futsal låg (som året før) omtrent sist etter første serierunde, men deretter gjekk det meste på skinner. Sannsynligvis treng futsalgjengen ein runde på å bli samspelte sidan ein ikkje har hatt nokon ordinære treninger. Øystese futsal kom på andre plass i 1 divisjon og kvalifiserte seg for play off til eliteserien (som året før men Øystese futsal deltok ikkje i play offen grunna rot i frå andre lag)
I play offen tok Øystese fram storspelet og overbeviste frå start til mål. Dermed kom årets opprykk allerede i april! I og med at ein no er i eliten vil ein og prøva å ha treningar. Øystese futsal startar med egne treningar i slutten av august og har som målsetning å klara å holda seg i eliteserien til neste år
Øystese A lag: Som nyopprykka lag har (og er) målsetningen og halda seg i 3 divisjon. Sidan halvparten av laga rykker ned grunna ein spissing av seriesystemet er det ein tøff nok målsetning. Første halvdel av sesongen har gått over all forventning og Øystese ligg på ein flott 2 plass. Ein har levert både gode , middels og dårlege kampar. Men sjølv i dei kampane ein har levert middels og dårligt har ein klart å karra til seg mange poeng. Tre av kampane er blitt avgjort på overtid til Øystese sin fordel. Øystese har allerede mista to gode spelarar i Henrik og Marius. Ein kjem også til å miste Eirik Gjøsæter etter dei første haustkampane då han skal på skule i Valdres. Men Øystese har ein sterk stall og ein får også toppscorar Stig Edvin Aksnes tilbake frå skade til hausten slik at ein bør klara å levera ein sterk haustsesong
Øystese Fotball gledar seg til ein spennande haustsesong
Øystese B lag: Som vanleg har prestasjonane variert og det har sjeldan vore dei samme som har deltatt på kampane. Men B laget skal vera eit tilbod for alle og alle som vil spela fotball i Øystese skal få mulighet til det. Målsetningen må vera å stilla litt meir stabilt til hausten og samtidig klara å avgjera jevne kampar. Begge dei to siste kampane enda med knepne eit måls tap. Og kunne kanskje vore vunne om ein hadde stilt fleire enn akkurat 11 mann
| |
|
[Tilbake]
|
|
Oppslagstavla
Oversikt treningstider
Kampar alderbestemt
Kampar barnefotball
Øystese knokkelcup Old Boys/Girls
TINE Fotballskule
Vedlikehald banen
Foreldreansvar veke 35: Gutt 96/97
Neste kamp
| 05.09.2010, 18:00 |
| Øystese 2 |
| Valestrand Hjellvik 2 |
|
Senior menn |
| Øystese Idrettsplass |
Oversikt alle kampar Øystese Idr.plass:
fotball.no
|
Siste kamp
| 28.08.2010, 15:00 |
| Øystese |
2 |
| Norheimsund |
1 |
|
Senior menn |
| Norheimsund stadion |
Di meining
|