|
Planen denne helga var å ha ei treningshelg på Austevoll, med overnatting frå laurdag til sundag, men pga mykje trening i det siste, og ny kamp neste helg, valde me å droppa overnattinga og reisa heimover istadenfor , rett og slett for å kunne finna på sosiale aktivitetar som ikkje innebar sure fotballsokkar, tigerbalsam, rumpestrekk osv!
Dette førte til at det blei ein hektisk dag på Austevoll, med ankomst øya kl 12.00, rett på trening, litt mat , og avspark klokka 15.00!(Roger hadde avtalt kl 15.30 med motstandarane) Dette er ingen ideell oppladning, men all honnør til gjengen som tok det med fatning!
Målet vårt for denne kampen var å få spela kamp mot B-laget til Austevoll, forsterka med eit par a-lagsspelarar, slik at me kunne få føla på kroppen korleis det er å møta gode lag! Og for å seia det med ein gong, dette var den desidert beste motstandaren til no i år!
Kampen:
Me starta litt avventande, og fekk nokre sjansar i mot ganske tidleg, men etter å ha fått stabilisert oss litt, så kom me etter kvart på rett spor! Me kjem etter kvart til ein del sjansar me og, me det er Austevoll som scorar fyrst! Høgre kanten deira får stå upressa på 25 meters hald, og noko som ser ut som eit innlegg av eit skot, skrur seg inn i motsatt kryss!
Etter dette føler eg at me meir og meir tek over spelet, og etter eit flott innlegg av Tor Ivar, kjem Leif på bakerste stolpe og dundrar inn utlikninga! Eit nydeleg angrep. Etter dette fortsetter me å spela bra, og etter ein del sjanser begge vegar, får me ein kopi av vårt fyrste mål! Ein god gjennombruddspasning frå Morten mot Eivind, som får lagt inn på bakerste stolpe, der Esso-Leif er frampå igjen! Det var vel ikkje noko supertreff, men når ein er på rett plass og innlegget kjem, så er det ofte nok!
2-1 til Øystese til pause
Andre omgang startar med jamnt spel, sjansar begge vegar!
Etterkvart tek Austevoll meir og meir over, men når ein ser kva spelarar dei byttar inn, så er det greit!(Trur ikkje a-laget deira hadde kamp den helga, for å seia det slik) Vårt mål er å bli bedre som lag og enkeltvis! Me er i ein utviklingsfase, og framover skal me fortsetja med det same som me har gjort til no i vinter!
Denne kampen var jamn i 60 minutt, og fram til det er det mykje positivt! Det som skjer etterpå tek me til etterretning, og det viktigaste er at me i denne kampen fekk læra kva som må til hvis me skal bli bedre!
I denne kampen hadde me nok ein debutant, Torstein Øyri, og han viser at midstopparplassen er noko han beherskar! Han minner ein god del om nokre andre Øyriar, med sterkt duellspell og god innsats!Fortsett slik Torstein, så blir det kjekt å følgja utviklinga di!
Neste helg er det nye moglegheiter: Dobbeltkamp på Voss!
Tomas |