Brødrene Lars, Sigurd og Jostein Stevnebø Kaale er alle ein del av Øystese sitt A lag i 2026. Dei har allerede spelt ein treningskamp i lag. Sjelden vare med so mange brødre på samme seniorlag. Sist det var mange brødre i aksjon samtidig var ein B kamp i 2006 då heile fire brødre Gjerde (Alexander, Leif Tore, Christoffer og Sebastian) var i aksjon samtidig i ein kamp på Espeland. Webredaksjonen har fått ein prat med dei tre brødrene som alle er unge og lovande. Lars er 2005 modell, Sigurd 2007 modell og Jostein 2010 modell

1 – Korleis vil du beskrive brødrene dine på fotballbanen ?
Lars om Sigurd: Han er ein hardtarbeidande og fysisk spelar. Veldig eksplosiv, rask og fysisk sterk. Han er ein rapp avsluttar som kan skyta godt med begge bein. Kan spela både på kanten og på topp. Han er ein vinnarskalle som alltid prøver å utvikla delar av spelet sitt.
Lars om Jostein; Jostein er ein sentral midtbanespelar som kan spela både i ei defensiv rolle eller som ein indreløpar. Han har roen med ballen og ser pasningsmuligheiter som få andre ser. Han har eit godt touch og er veldig god på å koma seg ut av press enten ved pasning eller dribling. Han kan og trøkka til i duellar.

Sigurd om Lars: Han er ein veldig klok spelar som tar gode avgjørelser med og uten ball. Han er ein ledertype og har masse trøkk i spelet sitt.
Sigurd om Jostein: Han er ein smart god teknisk spelar og god på den siste pasningen.

Jostein om Lars: smart, god defensiv og god på ball
Jostein om Sigurd: Rask, sterk og med mykje slutt produkt

Med tre stk Stevnebø Kaale brødre på A laget betyr det og at 10% av A stallen til Øystese kjem frå Fykse. Ikkje verst av ei grend med 187 innbyggere (inklusiv eit par sauer)

Me ynskjer alle tre brødrene lykke til med sesongen og håpar dei får ei fin utvikling og når sine mål på banen