
Det enda med poengdeling i årets fyrste heimekamp for A-laget herrer. Øyvind Floen Berge og Samuel Skåre med kvar sine scoringar sytte for at det eine poenget vart att i Øystese.
Fyllingen, forøvrig utan Erik Huseklepp, tok leiinga på straffe etter 12 minutt, etter at ein Fyllingenspelar vart hekta i feltet. Eit påskrudd Øysteselag, i godt driv gjennom heile kampen, jobba seg inn att og i det 39..minutt utlikna Øyvind Floen Berge etter innlegg frå kanten. Laga gjekk til pause på stillinga 1-1.
Få minutt etter sidebytet måtte Øystese byta keeper og Tomas Græsdal Pedersen kom inn. Han spelte ein god kamp i Øystesemålet. Kampen vippa litt fram og tilbake, og begge laga hadde halvfarlege sjansar framføre måla. 20 minutt før slutt gjekk Fyllingen nok ei gong opp i leiinga, denne gong ved Tobias Skjolden Bjørneby.
Heimelaget hadde ikkje gitt opp, og Samuel Skåre utlikna til 2-2 i det 82.minutt til stor jubel for dei mange frammøtte. Dette vart og sluttresultatet.
Neste kamp er fredag 24.april borte mot Osterøy 2 kl. 19.30.
Då er det berre å ta fredagstacoen med seg på bortekamp, og ta turen over Osterøybrua for å støtta laget!
Neste heimekamp er torsdag 30.april mot Bønes 2.
For detaljert kampinformasjon sjå fotball.no

Skjermskot frå fotball.no