A laget tok årets fyrste 3 poenger borte mot Osterøy. Det var aldri tvil om kor poenga skulle havne og Sigurd Stevnebø Kaale opna målkontoen allerede etter 1 min. For øvrig tre stk Stevnebø Kaale frå start i dagens A kamp. Yngstemann Jostein på 15 år styrte midtbanen i lag med 19 år gamle Kevin Matare mot langt eldre motspelarar. Etter 20 minutt handser Osterøy i straffefeltet og straffen setter Alexander Dang sikkert i mål. Kort tid etter leverer Jostein ein fin gjennombrotspasning til bror Sigurd som takker for den med å score. 4-0 er signert Samuel Skåre som bøyer eit langskot i lengste hjørnet. Alexander Dang er gjennom åleine med keeper og vert peist ned av ein Osterøyforsvarer. Gult kort og soleklar straffe. Dang skifter side og sørger for at Øystese leier 5-0 til pause. Etter pausen går det ikkje lang tid før Dang er på scoringslista igjen. Eit frispark frå litt skrått hold vert satt rundt muren og i mål. Samuel Skåre vil og score fleire mål og med venstre sørger han for at det vert 7-0 til bortelaget. 8-0 er signert Dang som setter eit langskot frå 25 meter fint i mål. Siste halvtimen er det duka for far og sønn Øvsthus Kolltveit som angrepsduo. Og far sjølv vinn att ballen etter dødball og feilvendt set han ballen i mål til 9-0. Øystese gav seg ikkje og Samuel Skåre scorer eit typisk Samuel mål der han skjærer inn og bøyer ballen i lengste. Rune Øvsthus Kolltveit var heller ikkje nøgd med eit mål og sørger for at sluttresultatet vert solide 11-0 til bortelaget. Då er det berre å gle seg til neste heimekamp som er torsdag 30 april kl 19.00 mot Bønes
Som ein kuriositet. Rune vert nok eldste målscorer i år for Øystese men han har fortsatt tre år å gå på før han vert tidenes eldste målscorer for Øystese. Roger Vassnes har den rekorden då han kom inn som innbytter for akkurat Rune Kolltveit i 2017 mot Varegg