Bedriftscup

Øystese Fotball inviterer på nytt til Sparebanken Norge bedrifts cup. Dette er ein uhøgtidleg fotballturnering for bedrifter som vert avvikla laurdag 19 september i Øystese. Me kjem til å seede laga i innledande puljespel slik at det vert jevnast mogleg kamper i starten. Det er både herreklasse og dameklasse

På kvelden etter turneringa vert det premieutdeling og storslått bankett i idrettshallen i Øystese. Det pleier å vera fleire hundre fotballspelarar (og nokon som berre vil på bankett) og veldig god stemning på banketten. Vert nok god stemning i 2026 også 🙂

Regler:
Me anbefaler sterkt å lese reglane nøye slik at me unngår masse diskusjon i sekretariatet. Det er ein egen turneringsjury som tek seg av klager. Men hugs dette er mest moro (og litt alvor) Det er 7er fotball og kvar bedrift kan maks ha 1 aktiv på laget og totalt maks 14 spelarar på laget
(Aktiv defineres som ein som har spelt seriekamper for Øystese sitt herrelag eller andre herrelag i kretssystemet i 2026)

Består bedrifta av mest menn stiller de i herreklassen. Består bedrifta av mest damer stiller de i dameklassen

Bonussstraffer for å bruke damer/herrer på laget.  Kvart lag i herreklassen får ein bonusstraffe pr dame som er med på laget. Dette skal då vera damer som speler kampen og dei tek straffen sjølv.. Det er i tillegg ein bonusstraffe til det laget som er eldst totalt sett av dei to laga som møtes.  Bonusstraffer for antal damer og alder vert tatt etter kampen er ferdig.
I dameturneringa vert det negativ straffer om du har med menn. Laga i dameturnering kan ha maks to menn med og det vert to straffer pr mann til motstander som kan tas av kven som helst på det andre laget
Det vert forøvrig ingen kjønnstester i løpet av turneringa

Kampane er på 2×12 minutt i innledande runder og cupspel.  I finalen vert det 2×15 minutt

Er det uavgjort ved full tid i cupspel vert det avgjort på straffespark konkurranse.

Deltakarane på laget skal vera ansatte i bedriften og ikkje innhenta vikarer for dagen men du treng kun å stå på lønningslista og ikkje ha 100% stilling

Bedrifter utanfor Kvam tek kontakt med oss om ein treng hjelp til overnatting.

Påmelding av lag/bedrift kan du gjera til post@oystesefotball.no. Påmeldingsavgift pr lag er 950,- som betales til 3633.54.21528. Påmeldingsfrist er 1 august eller før om det vert fullteikna. Velkommen til ein uhøgtidleg og morsom turnering.