Den organiserte idretten i Øystese har vore utan klubbhus sidan Øistesø Idrættslag vart stifta i 1897.
I 2017 starta Øystese Fotballklubb arbeidet med å etablere eit klubbhus og ein idrettspark i Busdalen. Ein blei bedt av Kvam Herad om å vente på områdeplanen. Områdeplanen skulle etter planen vera ferdig vedtatt i oktober 2021 men den er fortsatt ikkje ferdig.
Øystese Fotball har derfor søkt om dispensasjon for å bygge klubbhus. Dispensasjon er innvilga og i helga vart fyrste spadetak tatt i Busdalen. Bygget har ein totalkostnad på 23 millionar.
Øystese Fotball er glad for at det er lokale verksemder som har hånd om utbygginga og veit at det vil bli bra. Prognosen frå totalentrepenør GBS er at bygget skal vera ferdig på slutten av året i 2027.
Øystese Fotball er ikkje i havn med heile finansieringa men jobber fortløpande med dette.
På det fyrste spadetaket var det møtt opp over 200 fotballspelarar, foresatte og besteforeldre.
2017 modellane Lucas Auganæs Fasteland og Anna Heen Mæland tok dei fyrste spadetaka.

