Sparebankstiftinga Hardanger og Sparebanken Norge gir til saman 6,5 millionar til Øystese Fotball

ØYSTESE, 19. september 2026: Sparebankstiftinga Hardanger gir 2,5 millionar kroner og Sparebanken Norge gir 4 millionar kroner til Øystese Fotball sitt nye klubbhus i Busdalen, som etter planen skal stå ferdig i 2027.

Gåvene vart offentleggjort under Sparebanken Norge Bedriftscup i Øystesehallen laurdag 19. september. Om lag 250 spelarar deltek på cupen, og det vart stor jubel i hallen då dei to pengegåvene vart delte ut. Jenter 2018-kullet i Øystese Fotball, ved Anne Bjørke Ellingsen og fleire av lagvenninnene hennar, tok imot pengegåvene på vegne av klubben.

Dagleg leiar i Sparebankstiftinga Hardanger, Fredrik Fjose, overrakte gåva på 2,5 millionar kroner og trekte fram det langsiktige arbeidet Øystese Fotball har lagt ned for å realisere klubbhuset.

«Det som imponerer oss mest, er kanskje ikkje sjølve bygget, men innsatsen som ligg bak. Sidan 2017 har klubben målretta arbeidd med prosjektet gjennom Øystese Cup, og dei har gjennom tusenvis av dugnadstimar bygd opp ein solid eigenkapital. Det viser både vilje, langsiktig tenking og gjennomføringsevne.»

Ei gåve til heile bygda

På vegne av Sparebanken Norge overrakte banksjef i Norheimsund, May Turid Tømmervik, saman med kollegaer Daniel Bonhill-Smith og Knut Andre Gjøn, banken si gåve på 4 millionar kroner til klubbhuset.

«Eit klubbhus er mykje meir enn eit bygg. Det er ein møteplass. Ein stad der born og ungdom kan høyra til, der trenarar og frivillige kan samlast, og der fellesskap vert skapt og styrkt.»

Tømmervik trekker fram dugnadsinnsatsen og Øystese Kiwi Bama Cup som ein viktig del av historia bak prosjektet.

«For oss i banken treffer dette midt i det vi meiner er viktig: å leggja til rette for gode oppvekstmiljø, aktivitet og fellesskap for born og ungdom.»

Det nye klubbhuset har ei kostnadsramme på om lag 23 millionar kroner. Første spadetak vart teke 29. august, og planen er at klubbhuset skal stå ferdig i 2027.

Svært takksame for støtta

Styreleiar i Øystese Fotballklubb, André Laupsa, er svært takksam for dei to store gåvene.

«Me er utruleg takksame for gåvene frå Sparebanken Norge og Sparebankstiftinga Hardanger. 6,5 millionar kroner er ei fantastisk støtte til eit prosjekt me har jobba for i mange år. Dette betyr enormt mykje for Øystese Fotball»

sparebanken norge, sparebankstiftinga hardanger

Frå venstre:
May Turid Tømmervik , Daniel Bonhill-Smith, Knut Andre Gjøn og Fredrik Fjose, Emma Bjørke, Selma Fykse, Anne Bjørke Ellingsen, Katrine Langeland, Mathea Grinde Skeie, Tora Bleie, Ingvild Soldal og Oda Øvsthus Kolltveit.

Foto: Tove Botnen