Jenter 13 som er eit samarbeidslag med Norheimsund har levert ein god sesong. I serien har dei stort sett vunne det som vinnast kan og blei i dag seriemester. I Hordalandscupen har dei komen seg heilt til finalen. Også i finalen såg det ut til å gå vegen. Etter ein solid fyrste omgang leia Øystese/Norheimsund
2-0 over Åsane. Men i andre omgang kom Åsane tilbake og sluttresultatet vart 3-3. Dermed gjekk kampen til straffesparkkonkurranse. Der holdt Åsane jentene nervene meir under kontroll enn jentene frå Kvam. Dermed vart det sølv i Hordalandscupen men uansett ein god sesong for jenter 13. Øystese Fotball gratulerer med innsatsen både i serien og cupen
