Telenor Xtra Øystese               

Øystese Fotball jobbar godt i aldersbestemt klasser, og eit av tilboda til borna er ein fotball-SFO. Hausten 2012 blei Øystese plukka ut til å delta i det landsomfattande prosjektet mellom Norges Fotballforbund og Telenor. Totalt blei 37 klubbar i heile Norge plukka ut, og Øystese blei ein av totalt tre klubbar i Hordaland, etter ein søknadsprosess.

Telenor Xtra Øystese er eit fotballtilbod til gutar og jenter frå 4 til 7 klasse.  Vi tilbyr dette tilbodet kvar dag, og held åpent frå skuleslutt til kl.16.30.

Telenor Xtra Øystese held til i kjellaren i Holmatun. Her får barna får servert eit sunt brødmåltid før aktivitet, og eit fruktmåltid på slutten av dagen. Barna får tilbod om leksehjelp, dei kan spele dei ulike spela som biljard / bordtennis, evt slappe av i eit lite sanserom før aktiviteten startar opp.  Aktiviteten foregår i hovudsak på kunstgrasbana, evt i Idrettshallen om det ikkje er forhold utandørs.

Aktivitetar:

Vi tilbyr eit variert aktivitetstilbod med hovudvekt på fotball. Utanom fotball driv vi skadeførebyggande trening, turn, hinderløyper, innebandy, «fun-battle» og handball.  Vi setter individet i fokus og sørgjer for at kvar enkelt spelar skal oppleve trygghet, mestring og trivsel.

Personell:

Daglig leiar: Erling Fykse

Instruktørar: Arild Hammer, Morten Madsen Skeie, Marcelo Ribeiro

Prisar:

Dersom eit born er 5 dager i veka er kostnaden 1795,- i månaden.

Dersom eit born er 3 dager i veka er kostnaden 1295,- i månaden og dersom eit born er 2 dagar i veka er kostnaden 999,- i månaden.

( Om ein ønskjer andre dagar enn det som står ovanfor, ta kontakt! )

 

Utstyr:

Alle barna som deltar på Telenor Xtra Øystese får utlevert godt trenigsutstyr frå NFF/Telenor. Treningsskjorte, shorts, sokkar og sportsbag.

Prøvedag:

Etter avtale kan barnet få ein gratis prøvedag på Telenor Xtra Øystese, for å få betre innsyn i kva vi tilbyr. Det er mulig å lese meir om konseptet, Telenor Xtra her: http://www.fotball.no/Barn_og_ungdom/Telenorxtra/

 

Meir informasjon:

For spørsmål, ta kontakt med Øystese fotball.