Årets fyrste kamp i Øystese gjekk av stabelen i går.  Eit ungt juniorlag møtte Odda sitt juniorlag til treningskamp.  Dei aller fleste på Øystese sitt juniorlag er juniorer i 2-3 år til og fleire debuterte på juniornivå i kampen.  Odda sitt juniorlag spelar også i 2 divisjon men av reisemessige årsaker møter dei lag i Rogaland.  Med fleire uerfarne spelarar på juniornivå var det til tider Hawaii fotball i Øystese sitt forsvar i starten.  Og etter fleire horrible klareringer endte ballen hos ein Odda spelar som fottjent gav Odda leiinga.  Etter den første sjokkstarten kom Øystese meir med i kampen og då ein Oddaforsvarer gav eit laust tilbakespel var Øystese sitt hurtigtog Kristian Linga der før keeper, runda denne og satte ballen i tomt bur. Men Øystese fortsatte med gavepakker i forsvar og Odda tok leiinga 2-1.  Øystese utlikna på nytt denne gong ved Bjørn Kristian (BK) Vines.  Deretter tenkte keeper at no burde Odda ta leiinga igjen. Plassert på hjørnet av seksten og dødlinja vert ballen slått inn mot straffefeltet. Der står det kun ein Odda spelar som dermed kan sette ballen i det tomme buret.  Dermed 3-2 og ny leiing for Odda.  Igjen kjem Øystese ajour, denne gong etter fint spel på kanten og Sebastien Mukula slår ut til Hans Berge som kan sette ballen til side for keeper.  Like før pause sørger Odda for at dei går til pause med leiing 4-3.   Andre omgang starter verst mogleg med at Odda auker til 5-3.  Like etter vert Øystese sin kaptein Sindre Berge skada og må ut. Han erstattes av fyrste års guttespelar og debutant på juniornivå Erlend Onarheim. Erlend klarer seg bra og sørger i lag med resten av forsvaret for at det vert få farlege Oddasjanser i 2 omgang. På motsatt side har Øystese tatt litt over initiativet i kampen.  Først spring BK inn si andre scoring slik at Øystese kun er eit mål bak. Deretter kjem fyrste års guttespelar og debutant på juniornivå William Johansen åleine med keeper.  Han set ballen fint til side for keeper og dermed 5-5.  No har Øystese nokon gode sjanser til å ta leiinga men istaden er det Odda som avgjer kampen to minutt før slutt då dei set inn 6-5 på ein overgang