Juniorlaget starta serien mot Askøy på heimebane. Eit ungt juniorlag med stort sett 1 års juniorer og guttespelarar spelte jevnt med Askøy men marginane var ikkje på Øystese si side og Askøy vann 3-2.  Bursdagsbarnet Sebastian Skåre som fylte 19 var banens dominerande spelar og burde hatt straffe allerede etter eit par minutter. Dommeren valgte å oversjå den og istaden var det Askøy som scora på sitt fyrste angrep. Øystese satte eit visst press på Askøy og det var ikkje ufortjent at Sebastian Skåre utlikna omtrent halvvegs i omgangen.  Like etter sørga Bjørn Kristian Vines for at Øystese tok leiinga 2-1. Og då Sebastien Mukula vart feid over ende inne i 16meteren rett etter var dei aller fleste sikker på at Øystese ville få ein mulighet til å auka leiinga.  Men på nytt valgde dommeren å oversjå det som kunne sjå ut som ein soleklar straffe.  Askøy benytta muligheten til å utlikna før pause slik at laga gjekk i garderoben med 2-2.  I ein jevn andre omgang var det Askøy som scora det einaste målet og alle poenga gjekk derfor til Askøy