3 kamper på Øystese stadion i dag.  Og alle tre endte med heimesiger.  Fyrst var det jenter 99 som slo Njardar/Tysnes 5-3. (Sjå referat lengre nede i artikkelen)  Deretter varta A laget opp med 1-0 siger over Kopervik. (sjå eigen artikkel)  Til slutt var det gutt 98/97 som slo Dale/Vaksdal/Stanghelle med hockeysifrene 9-4.(sjå kommentar frå trenar Endre Brenne lengre nede i artikkelen)  So ein god lørdag for Øystese Fotball i dag

 

Kampreferat Jenter 99 : ØYSTESE – NJARDAR/TYSNES

Ramma rundt den utsette kampen mot Njardar/Tysnes kunne knapt vore betre, sol frå blå himmel og ekstra mange tilskodarar grunna A-lagskamp rett etter kampen, gjorde at dei som var tidlegast ute fekk med seg avslutninga på jentekampen. Utfordringa fekk laget alt før kampen for dei to keeperane var indisponerte i dag, Anette med forfall og Hanne med forstua finger gjorde at Jane og Synneva måtte dra på seg keeperhanskane i kvar sin omgang, men det kan ikkje seiast at det forringa kvaliteten, ein kjempekamp av begge to. Ikkje minst held Jane Øystesejentene inne i kampen med nokre solide redningar i siste halvdel av fyrsteomgang då Øystese blir pressa tilbake på banen. Etter at Øystese opna best og tek leiinga 1-0, tek Njardarjentene meir og meir over og det er etter kvart fortent at dei utliknar og mot slutten av omgangen går opp til både 2-1 og 3-1 til pause. Øystesejentene får verkeleg merka tempoet og blir kjempa ned i denne delen av kampen. I pausen blir jentene utfordra litt på dette og Ingmar kjem med nokre gode råd, mykje meir breidde i spelet må til. Dette ser ut til at jentene tek til seg for i andre omgang utnyttar Øystesejentene breidda langt meir og kjem til mange sjansar. Kampen snur og ikkje minst scoringa til Synne Gule (hennar fyrste forresten) set litt standarden vidare, Øystesejentene er tilbake i kampen og går etter kvart opp i ei 5-3 leiing. Mot slutten vippar kampen litt att og fram og Njardarjentene kunne fort scora og skapt spenning att, men kampen ebbar ut med ein 5-3 siger til Øystesejentene. Fullt fortent etter snuoperasjonen og innsatsen i andre omgang. Dette var andre kamp i serien etter at jentene «tjuvstarta» sesongen mot Rosendal tidleg i april med tap 5 – 2 i Rosendal. Neste kamp for jentene går borte mot Granvin 7. mai. Scoringar i dag, Hanne Chatrine Fardal 2 mål, Synne Gule 1 mål, Malin Kvandal 1 mål og Andrea Sæhle Samland 1 mål.

 

KOMMENTAR FRÅ TRENAR ENDRE BRENNE ETTER 9-4 OVER DALE/VAKSDAL/STANGHELLE

Eg var ok fornøgd med 1 omgang. Litt rotete i 1 omgang. Men eg er storfornøgd med 2 omgang då me vart meir direkte i spelet og til tider kjørte over Dale/Vaksdal/Stanghelle. Spesielt William synest eg var storarta i 2 omgang. Me prøver å spele ut frå keeper og spele oss oppover kvar gong. Og det synest eg me gjer bra i dag. Gjennomgåande synest eg laga me møter slår langt og om det vert nokon mål mot av at me speler veldig lite kynisk gjer ingenting. Me lærer av å gjera feil. Me skal heile tida tørre å spele, tørre å gjera feil. Om me får eit mål i mot gjer det ingenting. Neste gong går det bra. Det er slik me utvikler fotballspelere. Me har og i snitt eit lag som er 1-2 år yngre enn motstandarane då me bruker 5-6 99 spelarar i kvar kamp. Men dette er god læring for dei og det er mange her som kan bli gode fotballspelarar!

Pep Brenne