Juniorlaget sliter med få spelarar i dei eldste årsklassane og det er derfor eit svært ungt juniorlag Øystese stiller. I kvar kamp er ein avhengig av ein 4-5 guttespelarar. I dagens kamp var det fire 97 modellar på banen og ein 98 modell i mål for juniorlaget.  Øystese går ut og tar tak i kampen frå start, men ein misforståelse i forsvaret gjer at ein får eit ufortjent mål i mot. Øystese fortsetter å styre kampen og maler på med sjanser men utan å ha marginane med seg. Dermed kjem det mål i mot og Osterøy tek ein 2-0 leiing.  Øystese pressar på til pause men stillinga står seg. Etter pause ser det ut til å vera meir guts i gutta frå Øystese og dei får endeleg uttelling i form av to kjappe scoringar. Fyrst er det Sebastian Mukula som scorer etter å ha fått ein verdensklasse pasning av Sebastian Skåre på halv volley. Deretter er det ein hardt jobbande Lars Henrik Hellingsrud som utliknar. Rett etter utlikninga får Øystese ein scoring i trynet. Men istadenfor å miste motet tar ein over spelet att og utliknar på nytt etter ein corner som ein Osterøyspelar er uheldig å sette i eget mål. Kaptein og stjernespelar Sebastian Skåre sørger for at Øystese tar leiinga for fyrste gong i kampen då han etter ein del klabb og babb setter ballen bak Osterøy sin keeper. Men rett før slutt er ikkje laget heilt på nett og Osterøy utliknar. Dermed 4-4 og poengdeling

Referent Anders Mourinho Næs