Juniorlaget har vore avhengig av mange guttespelarar i årets sesong. Men etter at volleyballsesongen no er over har plutselig 5 «nye» spelarar meldt seg til tjeneste. Og volleyballgutta frå Øystese som nyleg tok NM gull for junior bidrar også sterkt på fotballbanen. Spesielt Runar Kvåle har markert seg i dei to kampane han har fått med seg. Med to mål i sist kamp og to mål i dag har han eit greit målsnitt. Klarer han to mål i kvar kamp framover også vil smilet til trenar Anders Næs bli enda breiare.

Dagens kamp starta best mogleg då Sebastien Mukula sprang frå alt og alle før han scora sikkert.  Voss som har eit juniorlag som har gjort det godt i juniorNM kom til fleire sjanser men i dag var Eirik Zahl Slora ein levande vegg og stoppa det meste. På ein fin pasning frå Sebastian Skåre kom Lars Henrik Hellingsrud åleine med keeper og auka leiinga til 2-0.  Runar Maskin som coach Næs har omdøypt Runar Kvåle til sørga for at Øystese kunne gå til pause med 3-0.  Voss skapte litt spenning igjen då dei reduserte til 3-1 etter corner men kaptein Sebastian Skåre nikka Øystese opp i 4-1 etter ein fint slått corner frå Richard Børven. Like før hadde Richard ein like fint slått corner og Sebastian ein like god heading men denne gjekk i krysset og ut att. Fyrsteårs guttespelar William Johansen kom inn på slutten og markerte seg positivt med ein gong. Med Runar, Mukula og William framme har Øystese ein fart som Voss sliter med å halde tritt med.  På juniortrening på mandag vert det hurtighetstest mellom desse tre for å kåra juniorlagets raskaste.  Nevnte William hadde eit fint innlegg som Runar nikka inn til 5-1. Litt konsentrasjonssvikt på slutten gav Voss eit nytt reduseringsmål men alt i alt var Øystese godt fornøgd med ein sterk 5-2 siger over Voss sitt juniorlag