Heimekamp lørdag 8. juni 2013. J16 Øystese-Voss 2: 3-2 (2-1). Eit Vosselag som har vunne absolutt alle kampane og ikkje sluppet inn eit einaste mål på bortebane gjesta Øystese i dag. Med unnatak av at Øystese-jentene ikkje kjem i gang å spela før etter 10 min (som vanleg) og Voss får eitt av sine to mål berre etter nokre sekund, spelte jentene våre sin beste kamp i år. Alle spelarane var på hugget og gjorde ein kjempeinnsats. Kondisjonen heldt heile kampen og vossingane måtte reise heim med sitt første tap denne sesongen og dei første måla dei har slept inn på bortekamp denne sesongen. Når det er motstand og tempo i kampen, slik som i dag, så viser jentene våre seg frå den aller beste sida og presterer ei svært god heimekamp, trass i at fleire av spelarane vart borte denne helga, mellom anna keeper Ingeborg som vart erstatta av Hanne Cathrine Fardal  frå jenter 99.  Hanne frå kullet under gjorde ein svært god prestasjon mot serieleiar Voss. Jentelaget er no nummer to på tabellen, to poeng bak Voss som er på topp

Fakta:

Mål Maria børven (2), Ingrid Flotve (1)

Ingen raude eller gule kort (ingen i heile sesonger. Aldri faktisk!)

Hjørnespark 3-2
Frispark 2-4
Straffe: 0-0
Skot på mål 17-6

Spelarar:
Hanna Cathrine Fardal (99) – 80 min
Anny Selsvik Rykken (98) – 40 min
Åsta Fykse (98) – 40 min
Birgit Bakke Dysterud (97) 40 min
Elisabeth Eikelid Gjuvsland (97) 40 min
Idun Andersson Røyneland (98) 80 min
Ingrid Dalatun (98) 80 min
Ingrid Flotve (98) 60 min
Isa Lillevik (98) 80 min
Kristine Mo (98) 80 min
Maria Børven (97) 80 min
Nora Mi-Bjørkelund (98) 80 min
Solveig Midthus (98) 80 min
Thea Riise (98) 30 min