Øystese sitt jentelag vann siste vårkampen med 4-1 borte mot Rosendal og tar sommerferie på 2 plass på tabellen , 2 poeng bak Voss

Kjekk tur til Rosendal. Litt knapp tid pga ferja og vi fekk ikkje varma skikkeleg opp og det tok nokså langt tid å komma i siget. Denne gongen også. Når jentene først kom i gang så var resten oppskriftsmessig. Godt spel og god motstand, det ser ut til at det heng saman. Fekk endeleg eit mål relativt tidleg i 2. omgang. Så kom 2., 3. og 4. målet mot slutten. 5.målet var også innan rekkevidde, då Rosendal tok ballen med hendene innom egen 16-m, men dommaren mente at slikt høyrer til i jentefotball, så då vart det ikkje straffe på oss. Ut i 2. omg. greidde ikkje Rosendal å halda motstanden oppe. God innsats gjennom heile kampen frå Øystejentene. Ingen daudpunkt. Svært godt samspel. Energisk og drivande fotball – kjempegod underhaldnining. Alle kan rollene sine og tek ansvaret suverent. I første omgang fekk forsvaret spesielt mykje å gjera, men rydda flott opp. Stort sett god kontroll gjennom det meste av kampen. Topp fotball – nesten toppfotball!

Sluttresultat 1-4
Mål: Isa Lillevik 2, Åsta Fykse og Maria Børven
Hjørnespark 1-5
Frispark (inkl offside) 6-6
Straffe 0-0
Skudd på mål 3-18

Referent Vidar Østerbø