Øystese gutt 98/97 har hatt ein fabelaktig vårsesong godt hjelpen av den gode 99 generasjonen til Øystese. Leda av trenar Endre Brenne har dei gått frå siger til siger. 9 kamper og 9 sigrar er resultatet etter vårsesongen. Siste kamp i dag borte mot Flaktveit enda 13-2 til Øystese. Måla vart scora av Lars Henrik Hellingsrud, Gøran Andersen (2 stk), William Johansen (5 stk), Mathias Johansen (3 stk) , Simon Høyland og Magnus Hove . Endre Brenne synest det er svært stimulerande å trena ein slik ivrig gjeng der alle er gode fotballspelere.Når ein veit at ein av lagets beste spelarar har vore skada i heile vår men er klar til haustsesongen samt det kjem eit par ekstra spelarar til hausten er det grunn til å tru at det også vert ein god haustsesong for guttelaget.

I dagens kamp vil Endre framheve Mathias Berge som stod ein solid kamp i mål med fleire fine redninger. Samtidig var han flink å sette i gang angrep.  Også Erlend Onarheim spelte ein bra kamp i midtforsvaret der han var flink til å vera med i det oppbyggande spelet som Øystese legg opp til, samtidig som han var kontant og sikker i stopperspelet