Runar Maskin Kvåle blei dagens mann då juniorlaget slo Arna-Bjørnar heile 7-0.  Etter ein rotete fyrste omgang løysna det skikkeleg i andre omgang. Runar Kvåle scora det einaste målet i fyrste omgang. Litt att og fram etter ein corner før Runar kan score frå tre meters hald. I andre omgang varter både Øystese og Runar opp med spel av høg klasse. Dei tre neste måla er omtrent identiske. Runar får ballen setter fart mot forsvaret, fosser forbi og scorer tre mål åleine med keeper. Også Sebastien Mukula bruker farten sin og skjærer gjennom forsvaret og scorer eit fint mål. Publikumsyndling Steinar Lofthus Rosseland vert flytta fram på topp dei siste femten minuttane. Det visar seg at det ikkje tar lang tid før han kan sette inn Øystese sitt sjette mål.  Runar Kvåle kastar langt og kjapt og dermed er Steinar åleine inne i feltet og gjer 6-0. Siste spikeren i kista set Martin Veastad inn då han snapper ballen før keeper og kan sette ballen i tomt bur.