Gutelaget til Øystese tok i dag mot Nore Neset frå Os til kamp. Sjølv om to av dei beste gutespelarane var sendt med A laget til Stavanger og fleire andre var forhindra å spela denne laurdagen varta dei gjenverande spelarane opp med festfotball. Det vart stort sett spel på ein banehalvdel heile kampen. Heile 40 gongar måtte keeperen til Nore Neset henta ballen ut av nettet. Stillinga til pause var 15-0 og Øystesespelarane var enige om å gjera det like bra i andre omgang men dei hadde eit ekstra gir i andre og overgjekk målorgien i fyrste omgang. Med tanke på at dei spelar 2×40 minutt vart det mål kvart andre minutt.
Eirik Tjøstheim som er tre år yngre enn gutespelarane debuterte på gutelaget med 4 mål!
Gutelaget leiar sin avdeling tre poeng foran Gneist men pynta kraftig på målforskjellen etter dagens kamp